Friidrettsavtalen er underteikna
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2014
Tanken om ein
friidrettsavtale vart kveikt under dommarkurset som vart arrangert i februar.
Der var Velledalen IL representert med Svein Ole Sørensen, Alf Petter Bøe og
Asbjørn Tandstad (sistnemnde frå langrennsgruppa).
Etter ein del møteverksemd
siste tida var målet nådd. Innhaldet i avtalen vart klubba på styremøte i
Velledalen IL tysdag 8. april. Einaste merknad var at laget ville ha teksten på
nynorsk i staden for bokmål. Og slik vart det. Svein Arne Nakken stod for den
jobben.
For Ikornnes IL er avtalen
signert av leiar i friidrettsgruppa, Steinulf Grøvik. For Sykkylven IL skreiv Lars
Kåre Aurdal under (leiar friidrett SIL) og altså Alf Petter Bøe for Velledalen
IL.
Avtalen gjeld i fyrste
omgang for to år. I reine pengar skal Velledalen IL ut med 5000 kroner per år
som skal gå til vedlikehald av anlegget.
Les avtalen her