Konradløpet – Påmeldingsnytt nr 23
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2014
Samla har Odd Lennart
Lien, Per Vidar Lien og Ingebjørg Jelle Lien 27 deltakingar i Konradløpet – på noverande
tidspunkt. Etter løpet 2014 vil talet vere 30, med andre ord eit lite jubileum.
Odd Lennart har fått med
seg alle løpa og deltek for 13 gong. Broren, Per Vidar, ligg to bak og vil ha
11, medan systera Ingebjørg er klar for sitt sjette Konradløp, som betyr
Konradmedaljen i gull.
Odd Lennart Lien hadde
toppforma inne i 2010 og 2009, då gjorde han sterke tider som 18.58 og 19.01.
Elles har han imponert med ein stabilitet av dei sjeldne på 19.50-talet. Vi
nemner:
19.51 (2012) – 19.53
(2004) – 19.56 (2008) – 19.57 (2007) – 19.59 (2013) – 20.03 (2011).
Per Vidar har 22.08 som
bestetid frå 2007, medan Ingebjørg har 26.02 frå 2012
Då står det berre att og
ynskje tre blad Lien hjarteleg velkomne til Konradløpet 2014!!