Stafetten «Sykkylven Rundt» tidfesta

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2014

Sykkylven Rundt samla 11
lag og i underkant av 100 utøvarar i 2013. Stafetten har seks etappar totalt,
tre løpsetappar og tre sykkeletappar. Sykkylven Sykkelklubb sikra seg fyrste
napp i vandrepokalen i fjor, vårt lag kjempa om andreplassen, men vart nummer
fire.

Her kjem nokre fakta om
stafetten 2014


 ·
  

 Arrangementsdato
vert 23. august (ein laurdag, og sju dagar før Birkebeinerrittet)


 ·
  

 Arrangør er
Stamina, Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL (som før)


 ·
  

 Start og mål ved
Velledalen grendahus


 ·
  

 Det vert ei opa
klasse og ei dameklasse (dameklasse er nytt av året)


 ·
  

 Siste etappe har
veksling ved Fetnausta, som gjer at siste løpsetappen vert litt lenger enn i
fjor (nytt av året). Elles vert vekslingsstadane som i fjor.


 ·
  

 Startkontingenten
vert kr 400,- pr lag (100 meir enn i 2013)


 ·
  

 På opningsetappen
(grendahuset til Lafabrikken, om Brunstad og Hole)kan ein nytte fleire løparar.
På dei øvrige etappane er det ein utøvar pr. etappe (som i fjor).

Vi håper mange prikkar inn
godforma til 23. august. Kanskje stiller vi fleire lag…eksempelvis eit damelag?