Jubileum på Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2014
Vår meldar
held det som sannsynleg at Astrid L. Drabløs passerer 150 turar i dag, 1.
april. Odd –Kåre Fet ligg i tet og har alt passert. Han stod med 151 då vår
mann var ute i dag tidleg. Og like bak kjem Grethe Fet.
I desse dagar
er årets trimsesong halvt til ende. Bøkene vert vanlegvis skifta i perioden
1.-10. oktober. Det betyr at dei som vil toppe posten på Fet når sesongen er
slutt, etter alle solemerke må passere 300 turar. Det krev sin mann/kvinne, men
er ei god investering i eiga helse.
PS. Personar
som er innom dei ulike postane må gjerne melde frå om stoda
E-post:
atlehole@online.no
Melding: 917
43 761