NM-vinnar til Minikonrad som premieutdelar
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2014
I fjor vart det meldt 1.
april at Marit Bjørgen skulle ha denne jobben. Det var aprilsnarr. Denne gongen
er vi dagen tidlegare ute, for å markere at vi ikkje fer med juks og fanteri.
Martine Lorgen Øvrebust
vart i vinter NM-vinnar i nasjonalsporten langrenn, i klasse jenter 17 år. Det
var i fristil og ho vann med god margin. Vi nemner at ho vart nummer to
samanlagt i Noregscupen i same klasse, berre ti poeng bak vinnaren.
Martine blir med oss under
Minikonrad 30. april, der ho mellom anna skal dele ut premiane i Velledalen
grendahus etter løpet. Vi håper mange møter fram for å sjå landets beste
17-åring i langrenn fristil «live». Minikonrad har påmelding løpsdagen frå
klokka 17.30.
I fjor var det Ivar
Ulvedal frå Stryn, gullvinnar frå Special Olympics World Winter Games, som fekk
æra av og vere premieutdelar.