Karstein Sørland (85) påmeldt

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2014

Han vart raskast ute i
fjor og han var raskast i år. Vi snakkar om dei over 80 år og påmelding til
Konradløpet. 85-åringen som representerer Emblem IL, Karstein Sørland, er
hittil den einaste over 80 år mellom dei påmelde. Vi nemner at årsrekorden over
80 år er seks deltakarar og skriv seg frå 2012. I fjor hadde vi fem.

I statistikken står det at
Karstein Sørland har delteke fem gonger tidlegare. Altså 6 gong i år, som betyr
Konradmedaljen i gull.

Karstein Sørland fortel at
han er bra budd


 -  Eg deltok i
Ålesund vintermaraton, og eg har vore med på alle løpa i vinterkarusellen. Det
er viktig og halde det gåande, seier Sørland, som også har sysla med ski og
orientering.

Vi ynskjer Karstein
Sørland velkomen 1.mai, og håper han får selskap av fleire på sin eigen alder!