Konradløpet 2014: Påmeldingsnytt nr. 16

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2014

Markus Jensen, Kjærsti
Haugen og Karstein Jensen har fått namnetrekka sine inn på lista. Alle tre har
to deltakingar tidlegare, som betyr at alle tre skal ha Konradmedaljen i sølv
etter løpet.

Av dei tre er det berre
Karstein Jensen som har registrert tid i løpet. Han debuterte i 2012. Så å seie
utrena. Tida vart 25.05. Så la Karstein seg i trening. Han sprang, gjekk
fjellturar, nytta seg av rulleski og gjekk på ski om vinteren. Han deltok i
Birkebeinerrennet og Birkebeinerløpet. I 2013 vart tida i Konradløpet 21.47 - personleg rekord med tre minutt og 18 sekund. Eit klarare prov på at treninga
hadde betalt seg kan ein vanskeleg få !!

Truleg vil Karstein presse
tida enno lenger ned i 2014. Vi vert ikkje forbausa om einast Nils Terje
Skylstad slår han av velledalingar i aldersgruppa 50-60 år. Tida vil vise

Vi ynskjer Markus, Kjærsti
og Karstein velkomne som deltakarar!