Sjå opp for Bjørnestad-gutane

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2014

I påmeldingsnytt nummer 14
presenterer vi Bjørnestad-gutane frå Sykkylven. Rett skal vere rett, Per Inge
er oppvaksen på Ikornnes. Ein særs stabil kar skal ein dømme etter Konradløpet.
Sjå på desse tidene:

2010: 16.05

2011: 16.00

2012: 15.57

2013: 16.04

Sterke tider av ein kar
som har passert 40. Og tida i 2013 er mest imponerande, den er nemleg med
skade. Per Inge drog på seg ein skade på Brøvoll, men fullførte løpet likevel.
Utan den hadde truleg 2013-løpet vorte det beste «ever». Og skaden sat lenge i,
slik at han miste mellom anna Nibbedobbelen i Geiranger.

Når Per Inge står på
startstreken på Brunstad 1.mai, er det for sjette gong i Konradløpet. Som betyr
konradmedaljen i gull etter løpet. I år har han med seg sønene Henrik Welle Bay
Bjørnestad og August Welle Bay Bjørnestad. Dei to unge karane har fleire
minikonradløp bak seg. I hovudløpet er August debutant, medan Henrik stiller
for andre gong.

Velledalen IL ynskjer
Bjørnestad-gutane velkomne til Konradløpet 2014!!