Bomtur til Lillehammer

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2014

Hadde Svein Nakken, Karstein Jensen eller Kjell Magnar Berli vunne årets Birkebeinerrenn, hadde dei fått "ripa" namnet sitt inn i denne pokalen.
Dermed vart det ikkje napp
og hente i pokalen for VIL sin påmelde trio: Svein Arne Nakken, Karstein Jensen
og Kjell Magnar Berli.

Kanskje ekstra surt for
Kjell Magnar som satsar på tittelen Superbirkebeiner. Den rauk i fjor grunna
beinbrot i handa veka før Birkebeinerrittet. I dag skulle han hente ut fyrste
stikk i 2014; Birkebeinerrennet. Men det vart altså avlyst, og dermed rauk
sjansen til å bli Superbirkebeiner i 2014.

Bomtur vart det også på to
karar frå Velledalen som skulle dekke rennet for Sunnmørsposten, Sunnmøringen
og VIL-Nett. Men frukosten på Quality Hotel & Resort Hafjell var i det
minste av prima kvalitet