Gratulerer til Hermann Aurdal… og til Velle

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2014

Dagen før kvinnedagen,
fredag 7. mars, vart Hermann Aurdal, Sykkylven IL, innandørs NM-vinnar i
kulestøt klasse G 15. Vinnarstøtet var på 13, 94 meter, vekta på kula 4 kg,
staden var Bærum.

Og kva har dette med
Velledalen IL og gjere, spør du kanskje vidare..?

No skal du høyre:

Velledalen IL fekk sin
fyrste æresmedlem i 1976. Han heitte Sigvart Velle, var fødd i 1900, og var
bestefar til Hermann Aurdal si mor. Det vil seie; Velledalen IL sin fyrste
æresmedlem var oldefar til gullvinnar Hermann. Og Sigvart hadde vore meir enn
stolt om han hadde visst han skulle få slikt avkom.

Sigvart var sjølv
idrettsmann. Rett nok i ei heilt anna tid, under meir kummerlege forhold. Under
«Idrettsminne» på VIL-Nett ligg ein tekst som heiter «Av god, gamal årgang».
Teksten skriv seg frå eit lydbandopptak Jostein Drabløs gjorde med Sigvart i
1979 – les den!

Våre gratulasjonar går til
utøvaren Hermann, til støtteapparatet hans, og til slektningane i Knutgarden på
Velle, Harald og Gunnar.