Trufast slitar jubilerer

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2014

Då har Terje Aurdal fått
namnet sitt på påmeldingslista. Terje, som bikka 60 år i fjor, har vore aktiv
idrettsutøvar gjennom det aller meste av livet. Mest som skiløpar, men også
habil i lange løp og stafettar. Siste tida har han fått augo opp for segling og
båtliv.

1.mai 2014 er Terje
jubilant i Konradløpet. Han stiller då for 10.gong, og er såleis mellom dei
kvalifiserte til tiårspremien. Bestetida hans i løpet skriv seg tilbake til
2004. Då gjorde han 18.16 – ei sterk tid av ein 51-åring!

Elles er Terje kjend for å
vere fyrste VIL-medlem i aksjon i langrenn i dei fleste land. Dette året har
han vore i Polen. Også der var det snømangel. Rennet skulle vere i nærleiken av
50 km, men vart redusert til 10. Kanskje bra for vår mann, som grunna lite snø
lokalt, ikkje akkurat «fløymer over» av tilbakelagde skimil denne vinteren.

Vi ynskjer Terje Aurdal
velkomen til årets Konradløp.