Går mot friidrettssamarbeid
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2014
Både Ikornnes
IL, Sykkylven IL og Velledalen IL har i dag eigne friidrettsgrupper. Målet med
ein intensjonsavtale mellom dei tre idrettslaga er å få på plass eit samarbeid
som byggjer opp under fylgjande målsetting:
1.
Få
eit meir aktivt friidrettsmiljø i Sykkylven.
2.
Få
flest mogleg til å bruke friidrettsanlegget på Ikornnes.
Eit utkast til
intensjonsavtale ligg føre. Den omhandlar seks punkt:
1.
Medlemskap
2.
Utstyr
og kostnad
3.
Trenarar
4.
Treningstider
5.
Økonomi
6.
Arrangement.
Vegen vidare
for Velledalen IL er fylgjande. Intensjonsavtalen skal handsamast i
friidrettsgruppa, som kjem med tilråding til hovudstyret, der saka skal opp på
fyrste styremøte.
VIL-Nett kjem tilbake med meir stoff kring denne saka, straks det er
fatta vedtak