Trimpoststatus – Skogsvegen Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2014
Meldaren vår tok turen til
trimposten i enden av skogsvegen Hjorthol fredag 21. februar om lag klokka
17.45. Stoda vart rapportert slik:
69 turar: Robert Rakoczy
63 turar: Ingrid Brudevoll
53 turar: Anita Hjorthol
19 Turar: Jan Lade
17 turar: Eldrid og Bianca
Det er polsk i teten - glimrande Robert! Så vidt vi veit har ingen av våre nye landsmenn nokon gong
hatt flest noteringar. Difor kan Robert Rakoczy, som også alt er påmeldt i
Konradløpet, bli den fyrste. Om 14 dagar er halve trimpoståret unnagjort, om
nokon skulle vere i tvil. Og la det vere sagt med ein gong; det er ingen «kven
som helst» polakken konkurrerer mot. Det ligg mykje rutine i «fruene» på andre-
og tredjeplass, begge bombesikre inne på topp-5 på denne posten i snart ein
liten mannsalder.
På fjerdeplass finn vi VIL-leiaren
frå 1970, Jan Lade, medan vi har beste hund inne på delt femteplass. Ei
innhaldsrik liste!