Hallstein Drabløs til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Feb 2014
Hallstein Fridtjof Drabløs
voks opp i ei tid der ein vart rekna som vaksen når ein nådde
konfirmasjonsalderen. Såleis var han berre 16 år då han fekk sitt fyrste verv i
Velledalen IL.
Årsmøtet i 1950 valde
nemleg Hallstein inn i nemnda «Billettørar», saman med Ivar Velle og Jon Hole
Drabløs.
Utover på 1950-talet finn
vi Hallstein i medlemslistene dei fleste åra. I 1960 kom han med i noko som den
gongen heitte «fianasieringsnemnda».
Deretter kan det sjå ut
som han har hatt ei lengre pause. Det kan rett nok skuldast mangelfull
møtebokrapportering, men i siste halvdel av 1970-talet finn vi att namnet hans. Frå 1976 sat han
fleire år samanhengande i marknadsnemnda. Då borna hans voks til, og nokre av
dei sysla med langrenn, tok han tørnen sin i langrennsgruppa. Her har han den
klart lengste fartstida, og det er ikkje få renn han har vore med og arrangert.
Frå små klubbrenn til større krins- og områderenn.
Heilt til livets siste
fase betalte Hallstein sin kontingent. Ein stillferdig og lojal medvandrar, som
gav av fritida når trongen var der. Vi
lyser fred over Hallstein Drabløs sitt gode minne.
Atle Hole