Trimpoststatus – Bruna

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2014

Forholda er
gode, og det vert meldt om stort besøk på denne trimposten. Ein post som i
særklasse har levert trimgruppa dei beste tala siste åra.

Vår meldar var
på posten tysdag 18. februar klokka 21.50. Då var stoda i toppen slik:

123 turar:
Inger Riksheim

100 turar:
Solveig Olsen

67 turar: Kjell Olsen

Så eit lite hjartesukk:

Det vil lette
arbeidet for trimgruppa ENORMT, dersom turgåarane syter for å halde teljing med
turane sine og sette dette på bak namnet. Tenk dykk tanken dersom ingen gjorde
det – då hadde ein knappe 15 000 namn det måtte nøstast opp i, ei nærast
umogleg oppgåve. I alle fall er det viktig at dei som går relativt mykje gjer
denne jobben. Det er nemleg dei som vert talde når det kjem til kåring av
topp-5 på ulike postar og samanlagtlista der ALLE turane til dei ti beste skal
med.

Hald fram dei gode folkehelseturane og meld deg på
Konradløpet!