Konradløpet 2014 – Påmeldingsnytt 8
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2014
Før i tida
vart han omtala som Ståle Post i Velledalen – den gongen han køyrde meir eller mindre fast postrute i
Velledalen.
Dei fleste
forstår at det dreier seg om Ståle Eikrem – og kona Grete. I dag gratulerer vi
dei som dei raskast påmelde til Konradløpet 2014 frå Straumgjerde.
Og vi kan røpe
at det dreier seg IKKJE om debutantar. Båe to deltek nemleg for åttande gong
1.mai, og nærmar seg såleis ti års premien.
Vi har også
kika litt i Lars Inge Sæther sin statistikk. Der finn vi at sist Ståle deltok
(2012) brukte han 23.05 på turen. Ei flott tid av ein mann i hans alder
VIL-Nett
ynskjer «golfekteparet Eikrem» hjarteleg velkomne som deltakarar!