Alperittet utsett
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2014
Det er snølaust på
Stranda. Både i høgda og i lavlandet. Difor er Alperittet utsett nøyaktig ein
månad, frå 22. februar til 22. mars.
Kvart år har fleire lokale
heltar sett utfor toppen av Roaldshornet og jobba seg nedover den 6200 meter
lange løypa mot målgang i sentrum. I fjor gjorde Emma og Christina Holmberg ein
fin figur. Eivind Fet var som vanleg mellom dei beste. Karl Kristian Brunvær
har fleire fine plasseringar på brett, og karar som Jon Hjortdal og Knut
Kalvatn har ved fleire høve vore på deltakarlista.
I 2013 måtte dei køyrast
ei alternativ løype, med målgang ved starten av Roaldstrekket, på grunn av
snømangel.