Vert det snø i vinter…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2014
Per-Gunnar Holmberg har
ved fleire høve hatt suksess som meteorolog. VIL har rådført seg med gartnaren
mellom anna med omsyn til kva datoar det vêrmessig er gunstig å arrangere
skirenn, eksempelvis Det Store Folkerennet.
No ser Fjellsæterrunden ut
til å ryke. Den er terminfesta til sundag 23. februar. Og det er vel berre å
gløyme, spør vi Per-Gunnar, som nyleg har kosta på seg ny almanakk.
- Ja, der må eg
skuffe. Det kan kanskje kome litt snø siste dagane før rennet, men ikkje nok.
Fjellsæterrunden ryk.
- Kva med seinare i
vinter?
- Det vert litt snø
utover i mars, men små mengder. Største snøfallet denne vinteren vil kome i
månadsskiftet mars-april.
- Og påskevêret..?
- Det vert mykje
bra vêr midt i april
- Kva med Det Store
Folkerennet, har du ein høveleg dato?
- Palmesundag 13.
april teiknar bra. Då er det snø på fjellet og høveleg bra vêr, seier
Per-Gunnar, som presiserer at sjølv klubbmeteorologar ikkje er feilfrie.