Konradfilmen tok BUAS med storm

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2014

Mannen bak filmen, Odd Kvammen
Før jul fekk Velledalen IL
spørsmål frå BUAS om det var muleg med eit lån av Odd Kvammen sin Konradfilm
for framvisning mellom bebuarane. VIL tok opp saka i styret, og kom til at for
eit så godt formål kunne vi vike frå den strenge utlånspraksisen vi hadde
avtala med Odd Kvammen.

Ikkje overraskande fall
Konradfilmen i god jord på BUAS.


 -  Den er vist mange
forskjellige dagar for bebuarar og gjestar. Berre vellæte overalt. Fleire
antyda at dei kunne tenkt og vore med på
løpet som heidrar Konrad Brunstad sitt minne, hadde dei vore 30 år yngre, seier
Turid Bøkestad Fet, som var VIL sin kontaktperson opp mot BUAS.