Heia Polen !!- Påmeldingsnytt nr 5.

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2014

Polen var beste nasjon
  – Noreg unnateke – under Konradløpet i 2013, og ser
ut til å ville forsvare denne statusen i 2014. I alle fall; namna Robert
Rakoczy, Remigiusz Janiak og Anna Janiak står alt på påmeldingslista.

Dei med god hugs
 , minnest sikkert at VIL-Nett for litt sidan skreiv om ein polakk inne
på den førebelse topp-5 lista ved Hjorthol skogsveg. Denne polakken var nettopp
Robert Rakoczy.

Sølvmedalje til våren.
  Både Robert, Remigiusz og Anna står med to Konradløp
tidlegare i Lars Inge Sæther sin imponerande statistikk. Det betyr at alle tre
er kvalifiserte til Konradmedaljen i sølv etter årets løp. Vi tippar ein stolt «Pe-Tomasz»
fylgjer med frå Polen.

Og enn så lenge finst det
fleire påmelde polakkar enn det er personar med postnummer 6230!