Ni personar tok idrettsmerke i VIL-regi i 2013

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2014

Vi siterer frå årsmeldinga
til trimgruppa:



 - 




 Som vanleg dei
siste åra har vi lagt idrettsmerkeprøvene til aktivitetsdagen. Og skulle ikkje
det passe for alle, stiller vi opp andre dagar. Dermed kan alle som vil, få ta idrettsmerket.
Det ser ut som talet på idrettsmerketakarar har stabilisert seg rundt 10 stk
dei siste åra, skriv gruppeleiar Nils Terje Skylstad

Desse tok merket i 2013:

50. gong: Paul Halstein
Hole (50 års merke med diplom)

48. gong: Grethe Fet

45. gong: Odd-Kåre Fet

42. gong: Ragnhild Aurdal
Fet

29. gong: Arild Jostein
Myrås Lade

20. gong: Svein Arne
Nakken (idrettskruset)

9. gong: Kari Pauline Hjorthol (gullmerket)

8. gong: Per-Gunnar Holmberg

6. gong: Monika Hole

Som ein ser har vi nokre
tunge idrettsmerkeveteranar i rekkjene, med Øye-Paul i spissen. Langt fleire
burde sjølvsagt prøvt seg. Ikkje minst fordi trimgruppa er fleksibel, så det
står ikkje på det. Ein kan liksom ikkje skulde på at dagen ikkje passa.

Uansett, stor gratulasjon til jubilantane!
Paul med 50-års merket og diplom, Svein med idrettskruset og Kari med
gullmerket. Og all muleg honnør til Arild, som ikkje let seg stoppe av sjukdom
i eit for han helsemessig vanskeleg år. Små mål i livet burde alle setje seg. Med ukueleg vilje
og ein porsjon pågangsmot kan slike fort bli oppnåelege – i alle fall når det
gjeld idrettsmerket. På det feltet har Arild vore vegvisar i 2013!