Konradløpet – Påmeldingsnytt 4
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2014
Sett med velledalsauge var
2013 eit kjekt Konradløpår. Karl Egil Brunstad skaffa oss ein kar frå Eritrea
som kunste herrerekorden. 14.11 av Abdulaziz Ibrahim var mest uforskamma raskt
tykte funsjonærane. Strandaren Knut Anders Hatlen hadde året før pressa
rekorden ned frå 15.07 (Knut Lium) til 14.48. Frå 15.07 til 14.11 i løpet av to
er sterk kost.
Mellom damene sette Solveig Beate Brunstad
ny rekord med 18.41, fem sekund raskare enn Hilde Riksheim Tandstad. Ei tid
jenta frå Tandstadbakkane hadde levert to gonger.
Men ei anna jente med
røter frå Velledalen overraska om muleg enno meir. Andrea Berge Kastellet
leverte 18.57 i konfirmantåret sitt (som 15-åring). For å greie ei slik tid må
ein både ha trena, og ha ein smule talent. Berre Hilde Riksheim Tandstad har
betre «konfirmanttid». Ho gjorde 18.46 fyrste gong i 2007 – i sitt
konfirmantår.
Andrea bur til dagleg i
Stavanger, og dermed vart denne byen fyrst på påmeldingslista av dei store.
Bergen, Oslo og Trondheim kjem sikkert etter.
Rykta seier at odelstausa frå Jørngarden på
Brunstad til hausten skal gå vidaregåande skule på Stranda. Då vil vi heilt
sikkert sjå meir til henne her i Velledalen.
Herrerekorden trur vi vil
stå i 2014, men damerekorden kan fort gjort ryke. Andrea Berge Kastellet er ein
av fleire potensielle rekordsetjarar 1.mai - om lag klokka 05.18 veit vi
svaret.