Konkurranse fram til VIL-årsmøtet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2014
Siste 40 åra har Velledalen
IL hatt tolv ulike personar som leiar i hovudstyret. Tre kvinner og ni menn.
Leiarvervet har hatt ein lei tendens til å hamne i øvre del av Velledalen.
Og det er truleg verre enn
du i din villaste fantasi hadde trudd. Siste 40 åra har nedabrautingane hatt
vervet 1,5 år - om vi legg godviljen til. Denne «nedabrautingen» bur nemleg
framma brauta no. Svein Åge Welle var leiar i VIL i 1983 og halve 1984, då han
fekk avløysing av Håvard Hole.
Spørsmålet er: Kor mange
av dei siste 40 åra har personar busett på Hole hatt leiarvervet i Velledalen
IL?
1.
19 år
2.
25 år
3.
29 år
NB! I denne konkurransen
er Håvard Hole rekna som hjortholmann.
Send svaret ditt innan
tysdag 28. januar klokka 19.30 til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Tung premiering!
Vi ventar ikkje at nokon
skal vite dette, så her blir det rein tipping