Konradløpet 2014 – Påmeldingsnytt 3
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2014
Kanskje inga sportsleg
bombe at den raskast påmelde frå barneskulane i Sykkylven vart Sophia Johanne
Holmberg. Jenta har mest like mange deltakingar som ho er år. 1.mai deltek
nemleg Sophia for sjette gong, som betyr Konradmedaljen i gull i lomma etterpå.
Vi kan nemne at Sophia i
purunge år også fullførte Konrad Extrem – rett nok i beremeis på Christina sin
rygg. Om Sophia har fått det inn gjennom morsmjølka skal vi vere varsame med å
hevde, men søstrene Christina og Emma har vore gnistrande gode førebilete. Det
er sikkert!
Sophia var med på deler av
sykkelturen «Noreg på langs» sist sommar, sjølvsagt i bil, men slike hendingar
festar seg i minneboka, og gjer noko med deg.
Christina si bestetid i Konradløpet på sterke
20.17 (frå 2010) må ho vente nokre år til ho «matchar», men Emma sine 27.38
vert det ikkje lenge til ho snusar på.
Vi ynskjer Sophia lukke
til med førebuingane til løpet, og ho er 99,6 prosent sikkert den yngste
personen som nokon gong har fått Konradmedaljen i gull.
Vi bøyer våre hovud i
respekt!