Påmeldingsnytt 2 – Konradløpet 2014

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2014

Som truleg dei fleste veit
  er det gratis deltaking i Konradløpet for alle som
har Konrad som føre- eller mellomnamn. Rekorden er tre Konradar i same løp,
nemleg Konrad Brunstad (Tingvoll), Konrad Lillebø (Ålesund) og Jarle Konrad
Fausa (Fausadalen, Stranda). Ingen andre Konradar har delteke sidan starten i
2002.

I 2013 deltok alle desse
tre, og det pussige var at dei var svært jamne på resultatlista, trass relativt
stor aldersskilnad. Slik gjekk det i fjor:

22.55: Konrad Brunstad på 62. plass

23.16: Konrad Lillebø på 68. plass

23.22: Jarle Konrad Fausa på 69. plass

Gledeleg nok

var den tredje raskaste påmeldaren i 2014 ein Konrad. Den eldste av dei, Jarle
Konrad Fausa, som visst nok går i sitt 74 år. Sett på den bakgrunn er tida
23.22 rett og slett imponerande. Jarle Konrad er den hittil eldste påmelde – vi er glade for å ha han på startlina når
Brua-Bjørn skyt feltet i gang.