Raskaste påmelding til Konradløpet 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2014
Ingen sykkylving nei, men
ein eks-sykkylving. I fjor var Hans Olof Holmberg raskast på avtrekkjaren, i år
Jo Andre Tandstad, som er busett i Langevåg. Dermed vart Sula kommune raskast,
og dobbelt-raskast, i og med at Katinka Havnegjerde Tandstad står som nummer to
på lista. Jo og Katinka har for øvrig parrekorden i Konradløpet, med samanlagt
37.27 i 2011.
Diverre for alle sykkylvingar, må vi
meddele at også ein strandar melde seg på før raskaste sykkyving.
PS. I tida framover vil
det med ujamne mellomrom kome «Påmeldingsnytt» frå Konradløpet 2014.