Idrettens dag - TUSEN TAKK

    Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2014

    Det var i alt ca 30
    utstillera og 9 som meldte avbud. Vi er imponerte over kor mange som stilte opp
    denne dagen. Standane var kjempefine , kreative og ikkje minst
    informative.

    Vi er også veldig glade
    for at so mange publikumera tok turen denne dagen. Alle var fornøyde og veldig
    mange born og vaksne fant seg

    nye/fleire idrettar.
    Fleire klubbar rapporterte faktisk at dei hadde fått meir enn 10 nye medlemmer
    denne dagen. :-)

    Vi håper også at dokke
    fekk anledning til å slå av ein prat med fleire av politikerane som kom. To av
    klubbane (Sil fotball og Rideklubben) sendte over skjema elektronisk

    som vi har videresendt
    til alle politikerane. Ps. Det er aldri for seint å sende desse inn
    eller gi andre synspunkt til idrettsrådet (skriftleg eller
    muntleg).

    Idrettsrådet vil gjerne
    formidle det dokke måtte ha på hjartet inn til det politiske organ.

    Vi hadde også selebert
    besøk frå idrettsforbundet. Han blei regelrett sjokkert når han kom inn i
    hallen og fekk sjå det rikhaldige idrettslivet vi har i Sykkylven.

    Han hadde aldri sett
    makan tidlegare og ønsker å formidle dette til andre kommuner.

    Skjemaene som dokke
    leverte inn til oss elektronisk vil no bli lagt ut på heimesida til kommunen
    slik at dei som leitar etter idrettar lettare kan hente ut litt
    informasjon

    om idrettslivet i
    Sykkylven. Det blir også jobba med å lage ein filmsnutt fra idrettens
    dag. Denne vil dokke få tilsendt elektronisk og vil også vere å finne på
    youtube snart.

    Avslutningsvis så vil vi
    i idrettsrådet oppmode klubbane om å bruke idrettsrådet meir aktivt. Vi skal
    være talerøret inn til det politiske liv og til kommunen, og vi håper

    at idrettsrådet vil få
    ein meir vital rolle i framtida. Dette er i alle fall ein god start. :-)

    Igjen – takk for
    innsatsen og for at dokke ville by på dokke sjøle denne flotte søndagen :-)

    Mvh

    Idrettsrådet