Gratulerer til æresmedlem som fyller 95

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2014

Fridtjof Drabløs er Velledalen IL sin eldste nolevande
æresmedlem.
  Han vart fødd 15. januar
1919. Han var såleis litt eldre enn den breie, sterke og idrettsflinke
gutegenerasjonen i dalen som kom til verda på 1920-talet, og som fostra
æresmedlemane Karl B. Lade, Magnar Fet, Kaspar Fet og Paul Hole.

Fridtjof var i hovudsak aktiv i to idrettsgreiner.
  Ski og springing, eller meir presist; langrenn og
løpsstafettar. Frå 1946 og utover var aktiviteten stor. På stafettfronten
mønstra Velledalen IL ofte lag, heilt opp i timannslag. Då kunne Fridtjof sine
lange steg vere gode og ha. Han var ein seig stafettløpar, vert det sagt.

Elles hadde han ei rekkje verv.
  Han sat i skigruppa og fleire andre grupper/nemnder,
og han var leiar i laget i 1951 og 1952, midt under det ein kan kalle ein sterk
Jon-periode. Møbelkompanjong Jon Hjortdal var leiar i 1947 og 1948, før vervet
gjekk over til Jon C Brunstad på andre sida av elva i 1949. I 1950 tok Jon
Hjortdal eit nytt år, og «veksla» med Fridtjof i 1951 og 1952, før ein ny Jon,
Jon P. Brunstad, overtok i 1953. Fridtjof var også mykje nytta som funksjonær
under renn utover på 1950 – og 1960-talet. Under dei to storrenna i
Brunstadbakken i 1962 og 1965, der deler av noregseliten deltok, var Fridtjof
mellom pådrivarane for premieinnsamlinga. Og nettopp premiebordet var det mest
imponerande med desse renna.

Fridtjof var industrimann,
  og til liks med andre i møbelbransjen her i
Velledalen, sytte han for at Velledalen IL/VRF fekk god rekruttering av
innflyttarar. Mange av desse bygde hus og stifta familie, og vart slik ein
varig ressurs for heile grenda.

Då Velledalen IL passerte 100 år,
  var det Fridtjof sitt initiativ som gjorde at det
vart samla inn pengar til hjartestartar som gåve, og den vart plassert i
grendahuset. Ei handling som vitna om ein åndsfrisk person, av ein mann som den
gongen var 89 år.

Like før jul besøkte vi Fridtjof på BUAS


 -  Åh, dokke he`kje
gløymt meg endå, sa han då han fekk idrettslaget sitt julekort og plante frå
vår gode gartnerisponsor, Holmbergs Gartneri, like før jul. Så trykte han handa
mi fleire gonger og vi snakka om 1960-talet, om storrenna i Brunstadbakken,
premiane det gjekk gjetord om, folkelivet og vegkaoset etterpå.

Æresmedlemar vert aldri gløymde.

Gratulerer med 95 års dagen, Fridtjof!

På vegne av idrettsvener i
Velledalen IL

Atle Hole