Konradløpet: Kven blir beste par..?

    Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2014

    Om kort tid startar
    påmeldinga til Konradløpet 2014, det tolvte i rekkja. Det meste vil gå etter
    vanleg opplegg, med Minikonrad 30. april og Hovudløpet 1. mai. I tråd med
    Konrad Brunstad sine tankar – at lufta er reinast om natta/tidleg morgon – held
    vi på 05.00 som starttidspunkt.

    Det einaste nye vi hittil
    kan melde er kåring av «Årets Par». Kanskje vert vinnaren det paret som spring
    raskast. Men det kan bli lagt andre kriterier til grunn. For som alle veit;
    farta er ikkje det viktigaste i Konradløpet.

    For ordens skuld nemner vi
    at raskaste par i 2013 var sykkylvsparet Knut og Monica Breivik Orre, med samla
    tid 38.46. Nærast kom eit par frå Stranda, Trine Randen og Ronny Ødegård, med
    samla tid 39.13.

    Til slutt tek vi med at
    ingen har døypt guten sin Konrad i 2013 heller. Summen på 3000 kroner ligg
    klar, og blir utlevert på dåpsdagen, cash kontant.