VRF sin siste pokal, eller….??

    Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2014

    - Er denne historisk, tok vi VRF sin siste pokal, spør ein av initiativstakarane, Ellen Marie Hole.
     VRF er i røynda nedlagt.
    Ingen fotballag heiter VRF lenger, ingen ber laget sine gule trøyer og svarte
    bukser med VRF-logo. I 2013-sesongen har laget hatt tre aktive, dommarane Tove
    Marie Tandstad, Svein Ole Sørensen og Mevludin Ribic.

    Enkelte synest dette er
    trist. Så trist at unge spelarar siste tida har sett det nostalgiske i å nytte seg av klubbnamnet – og draktene. Med stor suksess.
    Vi har tidlegare skrive om «VRF young boys» som vann turneringa i Storhallen 2.
    juledag.

    3. og 4. januar tok jentene opp hansken, og
    mønstra eit lag under namnet VRF under Nattcup i Strandahallen. I dei
    innleiande kampane var laget utan tap etter serien 7-3, 0-0, 5-0 og 2-2. I
    semifinalen spela laget sin einaste svake kamp og tapte 0-3, men kom tilbake og
    slo fjorårsvinnar Team Taskedyr med 4-1 i bronsefinalen.

    Laget kom heilskinna
    gjennom turneringa med berre ein innbytar. Desse tenestegjorde under kampane:

    Christina Holmberg

    Eli Melseth

    Ingrid Alnes

    Gro Mari Langleite

    Stine Fivelstad (med mor i
    Velledalskoret)

    Ellen Marie Hole

    Eline Langlo (skadd, men
    med sympati for velledalingar).