Karar av heil ved
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2013
Olaf Øien hadde passert 50
år då han debuterte i Nibbeløpet i Geiranger i 1994. 21 kilometer frå sentrum
til toppen av Dalsnibba – og ikkje mindre enn 1500 høgdemeter. Til å bli klam
på hendene av for ein «vanleg» 50-åring. Men Olaf var ikkje som dei fleste
andre på hans alder. Han gjorde løpet i Geiranger til ein vane. Sommaren 2013
var han mellom ei handfull som hadde 20 løp – av 20 mulege, i ein alder av 70
år. Arrangøren gav velfortent heider då, medan det var Velledalen IL sin tur
under Idrettsgallaen i grendahuset den 22. desember.
Det høyrer med til soga at Olaf heile
denne perioden har hatt klassevise plasseringar i intervallet 1-3.
Svein Arne Nakken sitt
skiliv kan - og bør - lesast slik han sjølv har ordsett det under idrettsminne
som de finn i venstremargen på VIL-Nett. Han debuterte i Birken i 1992, og
vinteren 2013 gjekk han inn til sitt 15. birkebeinermerke. For den prestasjonen
har han alt fått tinnkrus av arrangøren, medan han under Idrettsgallaen fekk
heider frå Velledalen IL. Ingen andre i VIL har gjort denne prestasjonen før
han.
VIL-Nett gratulerer begge
veteranane – solide karar av heil ved.