Ein stolt dag i 1968
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2013
Med Johan Magnar Nilsen
sin bortgang er ein ny VIL-medlem borte. Som vi høyrde sagt i kyrkja under
gravferda, var Johan aktiv idrettsleiar i yngre år. Her kjem eit skule/idrettsminne
frå denne perioden som inkluderer Johan Nilsen.
Vinteren 1968 var ikkje berre grei i Velledalen.
Dei som har vore her ei stund, minnest enorme
snømengder og raset på Hjorthol i februar. Eitt ungt menneskeliv gjekk tapt.
Folk var prega, naturleg nok.
Verdstoppar til Stranda
. Difor var det mest som ein befrielse då vi seinare
på vinteren fekk melding om at den norske langrennseliten skulle kome til
Stranda på vårparten. Ein vinter der det hadde vore OL i Grenoble i Frankrike,
og nordmennene nærast gjorde reint bord. Og no kom dei altså til Stranda, karar
som Ellefsæter, Grønningen, Martinsen, Eggen, Tyldum med fleire. Men det
likaste av alt, var at det i samband med dette skulle haldast ein skulestafett,
med tre lag; eitt frå Sykkylven, eitt frå Stranda og eitt frå Sunnylven.
Trangt nålauge.
Her kunne gutar – ja, for dette var ei rein gutegreie - frå barneskulen i
Velledalen få sine fyrste møte med verdseinarane. Kvart lag skulle ha to gutar
frå 4. klasse, to frå 5. klasse og to frå 6. klasse. Nålauget var trangt.
På denne tida var legendariske Asbjørn
Kilsti lærar på Ikornnes. Han hadde kunnskap om idrett, og forstod at her var
kampen om plassane så hard at det måtte haldast kvalifisering. Den fann stad
ein snøfattig kveld på Jarnes, i skyminga, og med klassevis fellestart mellom
tuer og lyngrabbar..
«Amerikansk uttaking».
Vi var ein heller liten delegasjon frå Velledalen. Eg
minnest at Johan Nilsen og Arne Bolstad i alle fall var der av vaksne. Av
utøvarar trur eg ikkje der var fleire enn Jan Bolstad, Kjell Nilsen og eg. Det
var «amerikansk uttaking», det vil seie at dei to beste frå kvart klassetrinn
skulle representere skulane i Sykkylven under stafetten på Stranda. Enden på
visa vart at Jarnes skule fekk med fire elvar på laget, Velledalen skule to (merk:
sentrumsskulane nådde ikkje opp). Jan vart hårfint for sein, Kjell og eg kom
med.
Utklassing.
Så
var den store dagen komen. Klisterføre, som naturleg kunne vere så seint på
året. Starten var på marka like ovanfor der Vestborg ligg. Kvar etappe var kort
– mest som sprintstafett. Kvar etappe var ein halv runde i same løypa som
eliten skulle gå i etterpå. Folketilstrøyminga var enorm.
Sykkylvsskulane sitt slagkraftige lag var
i tet frå fyrste etappe og vann i rein utklassingsstil, føre strandarane med
sunnylvingane på ein like klar tredjeplass.
Smil og glede.
Seinare fekk vi fylgje eliten sine friske fråspark på blaut vårsnø, og
høgdepunktet må vel seiast og vere premieutdelinga. Der sjølvaste Ole «Uteliggar»
Ellefsætar, fersk OL-vinnar, kom og trykte dei små hendene våre varmt og lenge.
Denne hendinga fann stad i
Johan sine velmaktsdagar. 38 år var han vinteren 1968. Han sa ikkje mykje, men
han smilte – heile tida. Ein stolt dag for mange!
Sykkylvsskulane sitt lag:
4. klasse: Gudbjørn
Kvendseth og Kjell Nilsen
5. klasse: Kjell Kvendseth
og Atle Hole
6. klasse: Eilert
Eilertsen og Ingmund Eliassen
PS.
Falkeklubben.
Men det var meir høgtid knytt til denne dagen. Fjernsynopptak må vite, i eit
program som heitte «Falkeklubben». Innslaget vart kort, så ein måtte mest ha
falkeblikk. Men vi kom faktisk på fjernsyn – på sjølvaste monopolkanalen.
Atle Hole