Mot same divisjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2013
Mest truleg vert Stranda
eitt av tre lag som rykkjer ned frå 3.divisjon avdeling 09. Alt gjekk nemleg
gale denne helga for dei blåraude. Sjølv tapte dei 0-3 mot Brattvåg heime,
medan Surnadal og Spjelkavik vann sine heimekampar dagen etter.
Thomas Fure spela venstreback frå start,
medan Bengt Hole Alnes var tilskodar denne gongen. Utvisninga mot AK gav to
kampar karantene, slik at Bengt også er ute i bortekampen mot Bergsøy. Synd for
Bengt som har fem seriemå, og som med tre gode avslutningskampar kan snuse på
tittelen «Årets Spelar» i sin fyrste sesong hos Stranda.
Eventuelle nabooppgjer i
2014 kan fort gå utan Bengt Hole Alnes, som etter nyttår set kursen mot indre
Troms og militærteneste.
I 5. divisjon er Langevåg
alt KM-vinnar. Langt bak kjempar FK Sykkylven og Vartdal om den siste
opprykksplassen. FK Sykkylven sitt kampprogram resten av sesongen er så lett,
og klart lettare enn Vartdal sitt, at det blir rekna som ei redige fotballbombe
om ikkje FKS spelar i 4. divisjon i 2014 - saman med nabo Stranda.