Takk Tomas, takk!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2013
Han var fire dagar over
101 år då han sovna fredfullt inn.
Tomas Albert Tandstad sin
lune historier har tagna, latteren kring han stilna. Utgreiingane om ymse
slekter gjer ingen han etter. Ein liketil mann som ikkje tok seg sjølv
høgtideleg. Han mønstra lett på i Konradløpet i sitt 92. leveår og i
Ramstaddalsløpet som 99-åring, men ville ikkje ha noko snakk om slike
prestasjonar.
Også her på VIL-Nett vil
vi ære minnet etter Tomas. Minnast alle
dei gode dagane med historier, smil og latter. Vi gjer det med orda han fekk
til 100 års dagen sin, 12. september 2012.
Les
her
Tomas Albert i 100
-
Du greidde det,
Tomas!
Ein kan aldri vite, men
det har liksom lege i korta; at Tomas Albert kom til å greie den magiske grensa
– 100 år!
Det gjorde han, og vi i
Velledalen IL sluttar oss til dei mange gratulantane. Mykje har han opplevd og
mangt har endra seg radikalt desse hundre åra. Vi skal ikkje saumfare dette på
VIL-nett, men kort nemne nokre av Tomas sine sportslege sprell.
Han sat i fyrste
fotballstyret i VRF etter samanslåinga av IL Ringen og Velledalen IL sine
fotballgrupper. Den samanslåinga fann stad i 1952, då Tomas var reine ungdomen,
berre kring 40 år gamal. Betydeleg seinare var han ein trugen deltakar under
«Humoren sin kveld», som VRF arrangerte sju utgåver av på 1990-talet.
Forteljarkunst har alltid vore av Tomas sine «greier», på same måten som han på
imponerande vis har halde greie på ulike slekter i notid og fortid.
Velledalen IL er stolte av
deg, Tomas! Stolte fordi du i ditt 92-leveår debuterte i Konradløpet. Du er den
eldste deltakaren vi nokon gong har hatt, og den einaste over 90 år. 4,5
kilometer klokka fem om morgonen var truleg ikkje noko som «lesste» deg
synderleg - 44 minutt brukte du på turen, og Konrad Brunstad hadde sagt «Åh du
syn» frå sin post i himmelen om han kunne sjå deg denne morgonen.
I 2011 mangla Tomas 14
dagar på 99 år då han saman med 100-åringen Harald Hjorthol tok dei to siste
etappane i Ramstaddalsløpet. Lett og fin i steget veksla 99-åringen på
«Meieribrua» etter ein etappe som starta ved bedehuset.
For nokre år sidan traff
eg ein seksåring som heitte Anders Kvålsgard. Ein sliten, liten gut frå Fossum
i Bærum som gjekk med skinne på eine foten. Skinne fordi han var født med
cerebral parese. På veg opp mot toppen av Mefjellet (1100 meter over havet) i
Norddal kommune. Saman med mora hadde han starta frå Hauge, ca 400 meter over
havet, og hadde kring 200 høgdemeter att då eg traff han. Den slitne hardhausen
vart sjølvsagt fotografert.
Under premieutdelinga i Valldal sentrum
såg eg han igjen. Han skein opp då han såg meg. Kom nokre meter nærare med eit
stort, stort smil. Orda han sa var ikkje mange. Men dei var viktig:
-Jeg klarte det!
Seksåringen hadde
viljestyrke. Det same har Tomas Albert Tandstad hatt ein god porsjon av med seg
gjennom livet. Og konklusjonen vart den same som for Anders:
Du greidde det, Tomas - greidde å bli 100!
Atle Hole