Konradfilmen til BUAS

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2013

Konradfilmen vart laga av
Odd Kvammen, og vist i minnestunda etter gravferda til Konrad Brunstad.. Sidan
Velledalen IL laga eit eige løp for å ære minnet etter Mons-Konrad (etter
innspel frå Ole-Petter Berge), fekk idrettslaget ein kopi av filmen i gåve.
Avtalen var at denne var til «eige bruk», og at den ikkje skulle visast i «utrengsmål».

Kvart år etter løpet,
under samlinga i Velledalen grendahus, vert filmen vist, elles ikkje til disse
(som Konrad ville sagt). Eit tankevekkjande høgdepunkt under arrangementet,
meiner så godt som alle som har sett filmen.

For få dagar sidan kom
spørsmål frå BUAS:

-Kunne det vore mogleg med
ei visning av Konradfilmen på institusjonen?

No har styremedlemar snakka
saman, og svaret vert JA. Velledalen IL forstår at ikkje alle kan sjå filmen i
samband med Konradløpa klokka 06.30 om morgonen. Kan vi gjennom filmen gi
bebuarane og tilsette ved BUAS ein kveik i kvardagen, må det vere prisverdig.
Difor lempar vi, med lett hjarte, på utlånspraksisen ved dette høvet.