Birkebeinerlaurdag på VIL-Nett

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2013

Klokka 07.05 startar Per
Steinar Linga som fyrste sykkylving i det godt over 90 kilometer lange
Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer. Fem minutt bak Per Steinar tek
Eldar Kurseth opp jakta på lagkameraten frå Sykkylven SK

Mange er spente på korleis
Kjell Magnar greier seg denne dagen. Han var uheldig under Sykkylven Rundt, der
han fekk ein velt kring 50 meter før veksling i Ramstaddalen. MR viste brot,
men Kjell Magnar er ein hardhaus og stiller med gipsa arm.


 -  Der det er påvist
brot har eg ikkje smerter, men lenger oppe i armen, oppover mot albogen kjenner
eg det. Eg reiser nedover, startar, og satsar på merkekravet. Vert det for ille
må eg heller bryte, seier Kjell Magnar til VIL-Nett.

Greier Kjell Magnar
merkekravet vert han Superbirkebeinar, ei nemning alle får som greier
merkekravet i rennet, løpet og rittet i same kalenderår. Ein utflytt
sykkylving, Tim Sture Wilhelmsen (son til Berth) er i same situasjon som Kjell
Magnar, men er truleg beinheil – i alle fall før start. Rapportane frå
Austlandet seier at Tim Sture er godt trena og vil klare merkeravet.

Vi ynskjer også alt godt
for Rolf Haxthow. Han representerer Velledalen IL i klasse 55-59 år.

Oppdatering finn du på
VIL-Nett utover dagen laurdag 31. august.