Bø-Rolf 70 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2013
Rolf Lødøen er kjend som
ein jordnær mann. Kanskje nokså naturleg at sønene til Harald og Hjørdis vart
nettopp det. Så vidt vi veit vart ikkje Rolf spelemann og jeger som faren var,
men han viste tidleg at han meistra både
småbrukar- og industriarbeidaryrket. Sportsleg har Bø-Rolf eit etter måten
fyldig rulleblad.
Sjølv var han i yngre år fjellmann,
skihoppar og fotballspelar. Han voks opp i ei tid der gutane moka snø i timevis
– av og til sikkert også dagevis – for og klargjere hoppbakkane i nærmiljøet.
Som regel rakk dei nokre hopp før mildvêr ruinerte heile stasen. Gav opp,
gjorde dei likevel aldri. Då hadde dei tapt, som Mons-Konrad ville ha sagt. Rolf
var kjend som stilhopparen i det lokale miljøet. Med samla ski og fjørlette
telemarksnedslag når han var på sitt beste.
Han hadde fleire sesongar på VRF sitt
A-lag. Oftast som midtbanespelar. Ein tøff duellspelar som har bløtt langt meir
for den gulsvarte drakta enn kva som normalt er.
Rolf har hatt fleire ulike
verv i Velledalen IL. Han har vore innom både hopp-, langrenn- og fjellivs
gruppa. På 1970-talet var
han trenar for langrennsløparane i laget, og på 1980-talet sat han ein periode
som leiar i hovudstyret.
VIL-Nett gratulerer Rolf
med jubileumsdagen!
PS: For å mimre litt om
det som ein gong var, legg vi ved Arnfinn Brunstad sitt idrettsminne – eit attersyn
der både hoppsporten i Velledalen og Rolf er omtala i særs positive ordelag.
her
Atle Hole