Jubilantar som fortener nokre ord
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2013
Her kjem nokre ord om
personar som har passert runde år, og som vi ikkje tidlegare har omtala.
90 år: Alf Taraldset
Denne mannen er
honndaling, men han budde - og arbeidde – lenge i Velledalen. Alf var i sine
velmaktsdagar levande interessert i idrett, og særleg VRF fylgde han tett. I
dag er både arbeidsplassane i dalen og VRF borte.
70 år: Ragnhild Fet
Ragnhild plar alltid vere
støttemedlem i VIL. Ho er mellom dei store idrettsmerketakarane i dalen. I
fylgje trimgruppa sin statistikk har ho passert 40 år som idrettsmerketakar.
Ein fin prestasjon dei færraste gjer ho etter. I tillegg var ho i fleire
sesongar ein ivrig poengsankar på nokre av trimgruppa sine postar.
60 år: Otto Brunstad og Kjetil Hole
Desse to karane var
radarpar i langrennsgruppa i Velledalen IL på 1960-talet, og dei var temmeleg
jamgode i løypa. På sett og vis er dei også pionerar. Otto og Kjetil var dei
fyrste frå laget som vart sende til Hovudlandsrennet (NM) for 14- og 15-åringar
på siste halvdel av 60-talet. Og dei gjorde det bra. Anna kan ein ikkje seie om
plasseringane dei kom heim med (45. og 54. plass).
VIL-Nett gratulerer
jubilantane med overstått!