Tap mot Sunndal
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2013
I dag vart haustsesongen
sparka i gang på Mona stadion med oppgjeret Stranda-Sunndal
Kring 25 prosent av dei 60
frammøtte mellom publikum kom frå Sykkylven, mellom desse ti personar frå
Velledalen.
Stranda fekk ein dårleg
start. Nordmøringane hadde alt to ballar i nota før heimelaget starta
opphentinga. Ronnie Furset reduserte til 1-2 i 1. omgang, som òg vart
pauseresultatet. I andre omgang gjorde Bengt Hole Alnes sitt tredje seriemål
for sesongen. Og det var eit reint sykkylvsmål. Thomas Fure la eit perfekt
hjørnespark som Bengt heada kontant i mål.
Etter dette stod kampen og
bikka. Men på overtid, i det 92 speleminutt, kontra gjestane inn sigersmålet
etter ein dobbelcornar for Stranda der spelarane ikkje makta ei rask nok
omstilling. Sunndal fekk heile tre avslutningssjansar på angrepet og scora på
tredje forsøk.
Dermed rauk eit viktig
poeng for Stranda som komande laurdag har ny heimekamp – då mot botnkollega på
tabellen, Larsnes/Gursken