Hei Velledalen IL!

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2013

Ja, då var dagen før dagen komt, og dagens
malaria-tablettar har akkurat vorte inntekne. Reise startar tidlig imorgon
tidleg, då vi skal reise Vigra - Oslo lufthavn (no som det ikkje lenger heiter
Gardermoen) - Frankfurt (Tyskland) - Addis Ababa (Etiopia) - Kilimanjaro
international airport (Tanzania). Derfrå er det kring 45 minutt med jeep før vi
er framme på hotellet vårt. Vi startar nok gåturen vår tirsdag kveld trur eg,
og skal etter planen bruke 5-6 dagar opp, og omlag 1,5 ned att. På fjellet bor
vi i fjelltelt. Etter vi kjem ned att fram fjellet, skal vi på to dagar safari,
og etterpå er det avslapping på Zanzibar som gjeld :)


Kilimanjaro skal vere eit greit fjell å gå på, det
er ikkje på nokon måte slik som ekstremfjella K2/Everest osv. er, men på Kilimanjaro
er det høgdesjuka som kan slå ein ut. Vi har valgt å ta ein ekstra
akklimatiseringsdag når vi først reiser nedover, for å gi oss sjølve ein god
sjanse til å nå toppen. Verken Katinka eller eg har vore høgare enn Fanaråken i
Jotunheimen, så det blir spanande å sjå korleis kroppen vil reagere på høgda.


Ettersom vi har fått opplyst, skal vi gå i eit følge på 8
personar, og vi har alle eigne sherpa'ar som vil bere tyngste børa. Vi skal
stort sett bere dei kleda vi skal bruke i løpet av ein dag, samt drikke og
snacks. Det er svært utfordrande å pakke til ein slik tur, då vi må vere klare
for -20 grader på toppnatta, samt opp mot 30-35 grader når vi kjem til
Zanzibar.


Eg er litt spent på korleis dekninga er opp igjennom
"bakkane", men eg har høyrt at ein kan oppleve bedre dekning på
Kilimanjaro enn somme plassar i den norske fjellheimen, så eg skal prøve å få
oppdatert om mulig med status.

Ellers ønskar eg alle ein fortsatt strålande sommar

Mvh Jo Andre (og Katinka