Stian tok manndomsprøva
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2013
Stian Mork var åleine frå
Velledalen IL om å prøve seg i ultrafjelløp i Hornindal 6.juli. Han deltok
ikkje i lengste styrkeprøva (75 km og 5900 høgdemeter), men nøgde seg med den
på 38 kilometer og 2900 høgdemeter.
Stian starta i Grodås
sentrum klokka 09.20, i overskya vêr med høveleg temperatur- ca 14 grader. Men etter
kvart vart det varmt, ja, svært varmt.
- Det vart blytungt
mot slutten. Særleg siste fjellet var tøft. Trur dette er det hardaste eg nokon
gong har vore med på, sa Stian til VIL-Nett etter løpet. Han kryssa mållina ved
Horndøla bru seks timar, ni minutt og 14 sekund etter starten. Noko som heldt
til ein flott 12.plass av 71 menn, og eit sikkert prov på at forma er god.
Vinnar på denne distansen
vart Rasmus Haugen, Hornindal. 15-åringen kom inn på smått utrulege 4.48.12.
Den lengste distansen vart
vunnen av svensken Kristoffer Normark, som brukte 10.48.37 på rundturen innom
dei 20 postane.