Nytt steg mot trippelen for Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2013
31. august kan Kjell
Magnar bli historisk i Velledalen IL. Greier han merkekravet under
Birkebeinerrittet på sykkel denne dagen, vert han den fyrste i Velledalen IL
som kan bere tittelen SUPERBIRKEBEINER – som vil seie at ein har greidd
merkekravet i rennet, løpet og rittet i same kalenderår. No er rennet og løpet
i hamn.
Med tida 1.27.46 vart
Kjell Magnar nummer 31 i klasse 25-29 år. Merkekravet var 1.42.34, ei tid også
Jens Christian Hole gjekk under med god margin, etter eit solid løp på 1.38.33.
(Nummer 161 i klassa). Fire minutt under merkekravet er solid, og dei med god
hugs minnest at «Hol-hynen» løyvde kring 20 sekund i 2012. Med andre ord; fin
framgang!
Flott debut også av
Karstein Magne Jensen. Etter ei optimistisk opning såg det lenge ut til at han
skulle greie målet om ei sluttid under to timar. Men det vart tungt på slutten,
slik at det som lenge såg ut til å ende på kring 1.55 til slutt vart 2.05.33.
Heilt sikkert ei nyttig erfaring på vegen vidare for Karstein.
Eldar Kurseth og Rolf
Haxthow var påmelde, men ikkje mellom dei startande denne gongen.
Vi merkar oss og flott
debut av Oda Alette Kjellsbøl Hole i yngste jenteklasse. Tida 2.11.07 var drygt
fire minutt bak merkekravet. Gjer som onkel Jens, så har du kravet inne i
2014!!