Tøffe Karstein klar til helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2013

Det fulle
namnet er Karstein Magne Jensen. Han er 1960-modell og vart hekta på trening
etter han passerte 50 år. Ein viss del av æra for det skal Kjell Magnar Berli
ha, stesonen som fekk smaken på idrettslivet nokre år tidlegare.

I vinter var
Karstein til Lillehammer to helgar på rappen. Han gjekk både Halvbirken og
Birkebeinerrennet. Fullførte begge i fin stil og har slik sett alt no sikra seg
betre startposisjon neste år. Under Det Store Folkerennet gjekk han på ski rundt
Nysætervatnet på under 50 minutt. Er ein over 50 år, og nyleg har starta
treningsarbeidet, er det meir enn sprekt gjort.

Karstein har
no trena kring eitt år. Det starta før Konradløpet i 2012. Då kom Karstein inn
på 25.05. Året etter, i 2013, vart tida
21.47. Eit klare prov på at Treninga hadde betalt seg kunne nordlendingen
knappast få.

Konradløpet er
ein ting, Birkebeinerløpet noko heilt anna. Distansen er halvmaraton, det vil
seie kring 21 kilometer. Han vil møte bakkar både oppover og nedover, og
springing i terreng som kan vere både blautt og gjørmete i regnvêr.


 -  Eg
har sett meg som mål ei sluttid på to timar. Greier eg under det er eg nøgd.
Merkekravet i klasse 50-54 år plar vere ca 1.47, men det er ikkje målet denne
gongen, seier debutanten.


 -  Har
treninga elles sett sine spor?


 -  Å ja,
eg merkar det godt på kroppen at forma er betre. Dessutan eg er nesten ti kilo
lettare. Det merkast i motbakkane.

Om det går bra
på Lillehammer er ikkje Karstein Jensen heilt framand for å prøve ei endå
tøffare kraftprøve helga etter – NIBBELØPET!
21 kilometer med 1500 høgdemeter stigning i Geiranger. Stort nærare ei
manndomsprøve kan ikkje eit gjennomsnittsmenneske kome.

VIL-Nett
ynskjer Karstein lukke til på laurdag!