Trekløver passerer 190 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2013
Det heng saman
såleis:
Terje Aurdal
vart 60 år 27.mai, noko som tidlegare er omtala.
Olaf Øien vert
70 år 31. mai.
Jan Egil Årnes
vert 60 år 4.juni.
Alle tre kjem
under kategorien «seige, uthaldande karar». I dag skal vi skrive litt om Olaf
Øien, som til liks med Terje representerer Velledalen IL. Olaf er løpar. Ein
typisk langløpar, som hevdar seg anten det er flatt eller bratt. Siste åra har
det stadig blitt brattare løp, no som dei såkalla motbakkeløpa står i kø.
Få har sprunge
lenger enn Olaf Øien. Han har mellom anna 19 fullførte løp av 19 mulege i
Nibbeløpet i Geiranger. 8.juni vert han ein av mindre enn ein handfull løparar
som har 20 av 20. Ein framifrå prestasjon som VIL-Nett vil kome tilbake til.
Og plasseringane i Geiranger, frå han
starta opp i klasse 50-54 år til årets løp i klasse 70-74 år, har vore gode.
Stort sett berre fyrste-, andre- og tredjeplassar.
Tidlegare var
Sykkylven Halvmaraton ein kvalitetsmålar for dei som likte lange løp. Olaf Øien
deltok her samtlege år i tidsrommet 1987 til 1999. Bestetida hans var 1.20.42 i
1990. Same året gjorde Jan Egil Årnes sitt beste løp av sine totalt 18.
Svartebekk-ekspressen noterte 1.20.54 Berre tolv sekund skilde dei to. Men enno
jamnare var det i 1992. Då brukte Jan Egil 1.24.16, Olaf 1.24 15. Og vi berre
nemner det; ein halvmaraton er 21 097,5 meter.
VIL-Nett
gratulerer Olaf, ein imponerande sprek 70-åring, med dagen den 31. mai! Vi
minner om at Konrad Brunstad fyrst byrja trene i ein alder av 75, så du ligg
utruleg godt an i løypa.
Sjå på Olaf - mannen som gir slagordet «helse i kvar meter» eit andlet.