Bengt vart poenglaus trass perlemål.

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2013

Bengt hadde i denne kampen ei fri offensiv rolle. Han kobla ikkje inn turboen så fælt mange gonger, men dei gongane han gjorde det vart det suksess. Han skulle hatt straffespark i 1. omgang (og raudt kort til gjestane), han fekk straffespark i 2. omgang (som Ronnie Furset scora på), men høgdepunktet kom 57. minutt ut i kampen.

  Då fekk Bengt ballen 15 meter inn på AaFK sin halvdel. Han forserte framover, rundlurte ein forsvarspelar, før han dundra ballen i vinkelen frå drygt 20 meter. Eit mål som sende Stranda opp i 2-1, og som trygt kunne vore vist på Kveldsnytt.

   

Etter kvart justerte AaFK 2 på laget. Sondre
   kom inn og fekk vere med på siste del av kampen. 16-åringen gjorde ein fin figur for laget sitt. At han fekk det einaste gule kortet i kampen er nok til å leve med, då han ikkje er kjend som nokon kortsamlar.

   

Med denne sigeren passerte Sondre sitt lag, AaFK 2, Bengt på tabellen. No står AaFK 2 med ni poeng mot Stranda sine sju. Vi vil ha fleire slike mål som det Bengt scora i kveld, karar. Det varmar.

   

PS. Vi nemner at også Thomas Fure gjorde ein fin figur på eit ungt, men hardtkjempande strandalag i kampen mot AaFK 2. Aller best på Stranda var målmannen Raimondas Ceginskas. Han var nesten av Leiv Alnes-klasse, anno 1978.