Bengt vs Sondre ...?

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2013

I 2012 var Bengt Hole Alnes og Sondre Brunstad Fet relativt viktige brikker på FK Sykkylven sitt lag i 4 divisjon. No har begge teke eit nytt steg på utviklingsstigen, eit heilt nødvendig steg om dei har ambisjonar innan fotball.

   

Laguttaket veit vi ingenting om. Bengt har hittil vore fast i Stranda sin start-11-ar når han har vore tilstades. AaFK 2 har mykje å ta av. Kanskje stiller dei med eit tilnærma juniorlag – noko som vil styrkje Sondre sine sjansar om speletid. Kanskje nyttar laget nokre av reservane som sat på benken i tippeligakampen mot Lillestrøm dagen før. Det kan med andre ord bli kjende namn på Mona tysdagskvelden, men ingen garanti.

   

Bengt sitt lag opna godt med sju poeng etter tre kampar, og scoring fort Bengt i debutkampen. Dei to siste har gitt 0 poeng og 1-6 i målprotokollen. AaFK 2 har poenget mindre enn Stranda, men vil nok på sikt kunne styre laget sitt inn til sikker ståplass i divisjonen. MÅ dei, kan dei slå alle i 3.divisjon avdeling 9.

   

Håpet er at både Bengt og Sondre vert å finne på bana – og helst samstundes og gjerne heile kampen. Kanskje møtest dei to til og med i interne duellar. Bengt har hittil blitt brukt i forsvaret til Stranda, Sondre er som kjent ein offensiv spelar. Stranda har hatt heller lite publikum på sine to heimekapar hittil. Denne gongen har vi tru på at det kjem nokre fleire enn normalt frå sykkylvssida av fjellet.