Påmelde sykkylvingar i Nibbeløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2013

Olaf Øien i frå fjordårets løp.

Olaf Øien og Nancy Eggen er begge påmelde til kraftprøva i Geiranger 15. juni. For Olaf vert løpet spesielt. Han er nemleg ein av svært få som har delteke i samtlege løp – 20 i talet. Olaf skal for fyrste gong springe i 70-74 år, i skrivande stund med to deltakarar i klassa.

   

Nancy har gjort mange sterke løp i Geiranger. Klassa hennar er 45-49 år, og det er ingen sensasjon om ho er inne på topp-3 i klassa.

   

Det kan fort gjort bli fleire frå VIL i Geiranger. Vi veit at Kjell Magnar Berli tel på knappane. Han har Birkebeinerløpet helga før som fyrsteprioritet, men oppløftande treningsresultat opp fjellet (Strandafjellet) siste tida gjer at han også vurderer deltaking i Geiranger. Og kanskje….vi presiserer kanskje, vert Karstein Jensen med – i så fall ein særs spanande debut av mannen som senka persen i Konradløpet med langt over tre minutt frå i fjor.

   

I skrivande stund har Nibbeløpet desse deltakarane frå Sykkylven:


K 23-39 år: Cecilie Schmidt Overøye, Mulitconsult BIL


K 45-49 år: Nancy Eggen, Velledalen IL


M 40-44 år: Glenn Harald Tafjord, Sykkylven IL


M 40-44 år: Per Inge Bjørnestad, Sykkylven SK


M 40-44 år: Knut Orre, Sykkylven Kommune


M 40-44 år: Eldar Kurseth, Sykkylven SK/Velledalen IL


M 70-74 år: Olaf Øien, Velledalen IL

   

Vi kjem tilbake med ei liknande oppdatering frå Nibberittet om ikkje lenge. Både Per Inge Bjørnestad og Eldar Kurseth er påmelde i Nibbedobbelen, to turar til toppen av Dalsnibba etter kvarandre. Fyrst sykling, så springing – berre for dei aller tøffaste av dei tøffe!!