Jon C Brunstad til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2013

Dei fem brødrene i Brua på Brunstad - Ole, Kåre, Jon, Arne og Kjell – har alle sett farge på idrettslivet i Velledalen i ulik valør. Kåre mest i skyttarmiljøet, Arne mest som tilskodar og kommentator. Dei øvrige tre var allsidige så vel sportslege som administrativt. Både Ole og Jon har vore leiar (formann heitte det på deira tid) i Velledalen IL.

  Jon C Brunstad gjekk i sitt 90. leveår, då han som den siste av Brua-gutane, døydde på Åse sjukehus 6.mai.

   

I 1920-åra aula det fram idrettsflinke gutar i Velledalen. Fyrst etter freden i 1945 fekk desse springe ut i fri utfalding. Jon var aktiv både i fotball, på ski og som stafettløpar då han som ung mann i 1949 vart leiar i Velledalen IL. Jon ville helst drive aktiv idrett, slik at leiarvervet varte berre eitt år i denne omgang. Opparbeidinga av grusbana i Tregardane var den store saka dette året, eit anlegg som vart opna med fotballturnering i pinsa 1950 (med Jon som spelar). Og bana ligg der den dag i dag, rett nok ikkje som idrettanlegg.

   

Eit av dei sportsleg høgdepunkta for Jon fann stad i 1952. Då gjekk han på Velledalen IL sitt lag som vart KM-vinnar i stafett 4x10 kilometer i Hovdebygda, saman med Ole L. Hole og brødrene Olav P. og Paul Hole. Berre ein gong seinare (1985) har Velledalen IL kopiert den prestasjonen.

   

I 1961 tok Jon fatt på sin andre periode som VIL-leiar. Denne gongen sat han i tre år. Høgdepunktet desse åra fann nok stad i 1962 då verdsmeisteren i kombinert, Arne Larsen, gjesta Brunstadbakken, i det fyrste av to store hopprenn arrangert av VIL i denne bakken.

  Elles hadde Jon fleire andre verv i Hovudstyret, han sat i friidrettstyret og i fotballstyret.

   

Jon var brennande engasjert i idrett heile livet. Og aller mest fotball. Han var ein trufast gjest på Dalemyra så lenge han hadde helse til det, anten det gjekk godt eller dårleg med laget i hjartet hans, VRF. Engasjementet hans for fotball, og kunnskapen om laget han brann for, kjem tydeleg fram i Idrettsminnet han leverte, kalla «Fotballmimring», i samband med Velledalen IL sitt 100 års jubileum (sjå under)
 .
  

   

Jon hadde betalt sin kontingent til Velledalen IL også i sitt siste leveår. Han var av dei som tok kontakt og lånte ut foto han meinte laget burde ha i arkivet, og han heldt vederlagsfritt med parkeringsplass
   på sin eigedom (mark) under Konradløpa.

  Ein sann idrettsven er borte – minna om han vil leve!

   

For Velledalen IL


Atle Hole


leiar



Les idrettsminne til Jon C. Brunstad her