Sigve på nivå med Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2013
I sitt fyrste år i ungdomsskulen leverte Sigve Flaten Lødemel tida 20.09 i 2012. Mindre enn ein handfull dagar før eigen konfirmasjon var Sigve nok ein gong på plass på Brunstad før klokka 05.00. Med lufttemperatur 0 grader og lett isa underlag la han optimistisk i veg.
Vi trur Sigve hadde ei positiv oppleving rundt Brunstadgarden denne morgonen. Sekretæriatleiar Ove Skylstad sin stab klokka nemleg Sigve inn til tida 18.15. Ny personleg bestetid med nær to minutt.
Vi har sett det før at det kan vere positivt «og gå for presten». Thomas Strøm Grebstad og Adrian Hatlestad gjorde løp på 16-talet før dei fekk prestehanda på seg for nokre år sidan. Adrian heilt ned på 16.10, som i alle fall er bygdarekord (for Sykkylven).
Statistikken er sjekka og den viser at Sigve er på nivå med Kenneth Fet på same alder. Kenneth hadde 18.13 konfirmasjonsåret, og nådde den fine tida 15.50 før han gjekk ut av tenåra. Noko som burde vere ei kjelde til inspirasjon for Sigve.
Vi har før sett på trykk at Simen Brunstad, som imponerte i yngste klasse i Minikonrad, er «dala-kryssar» (kryssing mellom velledaling og ramstaddaling). Også Sigve er «dala-kryssar» god som nokon (Alvdal/Velledalen), og rykta seier mora har gode idrettsgener under panseret.
I 2014 skal Sigve ha Konradmedaljen i sølv for sitt tredje løp. Vi er fleire som er spente på tida. Keep up the good work, Sigve!