Eikenosen opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2013
Idag vart det deltakelse på Eikenosen opp igjen. Været har vore ustabilt siste tida, men idag slo det verkeleg til med godværet, vi fekk endatil solskin. Utan å vite eksakt tal, vil eg tru det var ny deltakerrekord idag, og mange av "kanonene" var med. Fjorårsvinnaren Jan Ketil Vinnes var ute med skade, og Kristian Nedregård kunne gjere som han så ofte ellers gjer, slå alle. Vinnartida hans var til og med ny løyperekord, ca. 19.40 minutt brukte han på dei 4,5 kilometrane frå Eikenosvågen og opp til demninga. På kvinnesida var det Tonje Brande som stakk av med sigaren, også for ho begynner det å bli ein vane å vinne løpa ho deltek i. Utanom meg sjølv var Katinka med som fotograf, og ellers så traff vi Glenn Harald Tafjord i målområdet. Sykkylvingen som starta å springe for alvor ifjor, og som gjorde eit særdeles godt Konradløp for 3 dagar sidan, kom i mål på ei tid like i overkant av 24 minutt. Meget sterk tid, på ein dag der vi siste fjerdedelen av løpet "sleit" med nysnøv. For min eigen del vart tida 25.40.